TV og strøyming
Hardanger Energi Breiband leverer TV-tenester gjennom Telia Play. Med Telia Play får du TV-kanalar, strøymetenester og favorittinnhaldet ditt samla på éin stad.

Alt i ei pakke
Har du Telia Play, har du alt!
Med Telia Play får du eit stort utval populære TV-kanalar samla på éin stad. Du bruker TV-poenga dine til å velje kanalane og innhaldet som passar deg best, og kan enkelt byte når du ønskjer. Slik kan du skreddarsy TV-pakken etter dine eigne interesser, anten du likar sport, nyheiter, film, seriar eller underhaldning.
TV-kanalar
Eit rikt utval, og du styrer sjølv
Med Telia Play får du eit rikt utval av kanalar og strøymetenester, og full fridom til å velja innhaldet som passar deg best. Abonnementet inkluderer 60 poeng, som du kan bruka fritt på meir enn 70 kanalar og utvalde strøymetenester. Byt kanalar og strøymetenester inn og ut så ofte du vil, og skreddarsy TV-innhaldet etter interessene dine. Enkelt, fleksibelt og på dine premiss.
Sjå kvar du vil
Med Telia Play kan du sjå TV akkurat når og kvar du vil, om det så er heime i sofakroken, på hytta eller på farten, både i inn- og utland. Du vel sjølv kva skjerm du vil sjå på, og kva eining du vil bruka.
Fleire einingar samtidig
Du kan sjå Telia Play på så mange einingar du vil, og ha opptil fire einingar i bruk samtidig heime og to samtidig når du er utanfor heimen. Merk at noko innhald, til dømes enkelte fotballsendingar, kan vera avgrensa til éi strøyming om gongen på grunn av rettar.
Premiumtenester
Vil du ha endå meir sport, film og underhaldning? Med premiumtenester kan du få tilgang til mellom anna Premier League, meir sport, fleire populære seriar og eit større utval filmar. Som Telia Play kunde kan du enkelt bestille premiumtenester gjennom oss. Send ein epost til post@heband.no eller ring oss på 53 66 53 00, så hjelper me deg med å finne innhaldet som passar best for deg.
Sjå kva du kan velja mellom

Telia Play Box
Strøyme- og TV-boks med 4K
Ein moderne TV og strøymeboks med 4K, tilgang til tusenvis av appar og fjernkontroll med Bluetooth og stemmestyring.
Må eg ha Telia Play Box?
Neidå, du kan sjå på Telia Play via appen på mobilen, PC, smart-TV, Apple TV eller Chromecast. Merk at ikkje alle smart-TV-ar støttar Telia Play-appen, og at du må ha tilgang til internett.
Telia Play Box
- Leige
- 49 kr per månad
- Etablering
- 499 kr
Administrering av abonnementet
Kanalar og strøymetenester
Administrering av kanalar og strøymetenester kan du gjera direkte på Telia-eininga di eller i Telia Play.
Endringar går via oss
Sidan abonnementet ditt ligg hjå oss som partnar, må du ta kontakt med oss dersom du ynskjer endringar i abonnementet eller vil kjøpa fleire poeng.
Premiumtenester
Det same gjeld dersom du ynskjer å leggja til premiumtenester.
Tilleggspakkar
Du kan leggja til ekstra poeng i tillegg til dei 60 du har frå før.
| Ekstra poeng | Tillegg | Totalt per månad |
|---|---|---|
| 10 poeng | 25 kr | 624 kr |
| 20 poeng | 50 kr | 649 kr |
| 40 poeng | 100 kr | 699 kr |
| 60 poeng | 149 kr | 748 kr |
| 80 poeng | 200 kr | 799 kr |
| 150 poeng | 375 kr | 974 kr |
Prisane er per månad inkl. mva. Send oss ein e-post på post@heband.no for å bestilla ekstra poeng.