
best dekning
Premium WiFi
Eero mesh gir jamn og stabil dekning i heile heimen eller på hytta.
Kvifor velja mesh?
Kort om kvifor det er lurt å velja mesh nettverk frå eero.
Dekning i heile huset/hytta
Ein vanleg ruter gir ofte dårleg dekning i ytterkantane av bustaden. Mesh brukar fleire einingar som saman utgjer eitt og same nettverk, slik at du har full dekning uansett kvar du er.
Wi-Fi 6
Eero støttar Wi-Fi 6, som gir høgare kapasitet og betre yting når mange einingar er tilkopla samtidig. Strøyming, gaming, heimekontor og smarte einingar, alt på same tid.
TrueMesh
TrueMesh-teknologien flyttar deg automatisk til den eininga som gir best signal, slik at du slepp fråkoplingar når du beveger deg rundt.
Enkelt å utvida
Treng du betre dekning i kjellaren, på loftet eller i garasjen, legg du berre til ei eining til. Me leverer og monterer ferdig klart til bruk.
Pris
| Tal einingar | Etablering | Leige per månad |
|---|---|---|
| 1 eero | Gratis | 49 kr |
| 2 eero | 449 kr | 98 kr |
| 3 eero | 449 kr | 147 kr |
| 4 eero | 449 kr | 196 kr |
Etableringa er gratis på den første eininga. Bestiller du to eller fleire, kjem 449 kr i etablering i tillegg.