Breiband hytte og fritidsbustad
Hardanger Energi Breiband leverer breiband og TV frå Telia, med utstyret du treng for å koma på nett og sjå TV. Me leverer til hytter og fritidsbustader langs fjorden og på fjellet i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Fritidsabonnementet gjeld berre for hytter og fritidsbustader som ikkje blir brukte som heilårsbustad eller til næringsverksemd. Abonnementet er tilpassa deg som brukar eigedomen i feriar, helgar og delar av året.
Gratis etablering *
Internett med TV-pakke
Få lynraskt internett via radio eller fiber — med Telia Play inkludert. Eit fleksibelt abonnement som gjev deg høg fart, stabil tilkopling og full fridom til å byta strøymetenester og kanalar så ofte du vil. Alt samla i éi smart løysing.

Breiband 80 + TV & strøyming
Breiband 80 Mbit/s + TV og strøyming med 60 poeng hjå Telia Play.
- 80 Mbit/s
- TV og strøyming
- 60 valfrie poeng
- Opptak
- Telia Play via app
- Utan TV-boks

Fiber 500 + TV & strøyming
Fiber 500 Mbit/s + TV og strøyming med 60 poeng hjå Telia Play.
- 500 Mbit/s
- TV og strøyming
- 60 valfrie poeng
- Opptak
- Telia Play via app
- Utan TV-boks
Full pakke
Fiber 500 Mbit/s + TV og strøyming med 60 poeng, Telia Play-boks og WiFi Premium.
- 500 Mbit/s
- TV og strøyming
- 60 valfrie poeng
- Opptak
- WiFi Premium
- 1 stk Telia Play-boks
- 1 stk eero mesh
Fritidsabonnement
Breiband 10 Fritid
10/5 Mbit/s
Breiband 25 Fritid
25/10 Mbit/s
Breiband 50 Fritid
50/25 Mbit/s
Fiber 100 Fritid
100/100 Mbit/s
Fritidsprisane gjeld berre eigedomar som er registrerte som fritidsbustad, og som ikkje blir brukte til næring. Ved større installasjonar utover det som kan reknast som normalt, kan det påløpa etableringskostnad. Du får alltid beskjed om dette på førehand.
Telia Play
Me kan levera Telia Play TV til alle husstandar i området vårt. Du kan ha fleire Telia-boksar i same husstand på eitt abonnement.
Telia Play box
- Etablering
- 499 kr
- Leige
- 49 kr per månad
Administrering av abonnementet
Kanalar og strøymetenester
Kanalar og strøymetenester administrerer du direkte på Telia-eininga di eller i Telia Play.
Endringar går via oss
Sidan abonnementet ditt ligg hjå oss som partnar, må du ta kontakt med oss dersom du ynskjer endringar i abonnementet eller vil kjøpa fleire poeng. Det same gjeld om du vil leggja til premiumtenester.
Tilleggspakkar
Du kan leggja til ekstra poeng i tillegg til dei 60 du har frå før.
| Ekstra poeng | Tillegg | Totalt per månad |
|---|---|---|
| 10 poeng | 25 kr | 624 kr |
| 20 poeng | 50 kr | 649 kr |
| 40 poeng | 100 kr | 699 kr |
| 60 poeng | 149 kr | 748 kr |
| 80 poeng | 200 kr | 799 kr |
| 150 poeng | 375 kr | 974 kr |
Prisane er per månad inkl. mva. Send oss ein e-post på post@heband.no for å bestilla ekstra poeng.

Treng du ekstra dekning?
eero mesh — Wi-Fi 6 i heile hytta
Har du utfordringar med WiFi-dekninga? Oppgrader hytta med eero Mesh. Dette avanserte nettverkssystemet støttar Wi-Fi 6 og gjev lynrask internettdekning i heile huset. Med TrueMesh-teknologi unngår du fråkoplingar og døde soner — perfekt for strøyming, gaming, heimekontor og smarte einingar. Leige 49 kr per månad per eero.