Raskt og stabilt nett for næringslivet i Hardanger
Lokal kompetanse når du treng det.

Internett
Din lokale breibandsleverandør
For dei fleste bedrifter er ei stabil nettilkopling heilt avgjerande. Kundekontakt, betaling, møter, skyløysingar og dagleg drift er avhengig av eit nett som fungerer når du treng det. Me tilbyr raske og stabile breibandsløysingar til bedrifter, tilpassa behovet til verksemda di. Enten du driv ei mindre bedrift eller har behov for meir kapasitet og fleksibilitet, hjelper me deg med å finna ei løysing som passar. Med lokal kundeservice og kort veg til hjelp får du ein leverandør som kjenner området og er tilgjengeleg når du treng oss. Ta kontakt med oss og høyr kva me kan tilby di bedrift.
Behov for rask og god WiFi-dekning?
Me skreddarsyr WiFi-løysingar til di bedrift, uavhengig av storleik eller behov. Enten du driv ei lita bedrift med få tilsette, eller ei større verksemd med komplekse krav til nettverk, har me kompetansen og produkta som kan sikra deg stabil og rask internettdekning. Løysingane våre er tilpassa dei unike behova dine, med fokus på pålitelegheit, tryggleik og yting. La oss bidra til at bedrifta di har den teknologiske plattforma som trengst for å veksa og lykkast.
Ta kontakt

eero mesh
Wi-Fi 6 og TrueMesh i heile bygget
Oppgrader bedrifta di med eero Mesh. Dette avanserte nettverkssystemet støttar Wi-Fi 6 og gjev lynrask internettdekning. Med TrueMesh-teknologi unngår du fråkoplingar og døde soner. Perfekt for mange einingar og rask arbeidsflyt, med enkelt oppsett og saumlaus oppleving.
Kontakt oss
Me svarar deg så raskt som mogleg, og ser fram til å hjelpa deg med den løysinga du treng.