Premium WiFi
Eero mesh gir jamn og stabil dekning i heile heimen — utan døde soner.
Kvifor velja mesh?
Dekning i heile huset
Ein vanleg ruter gir ofte dårleg dekning i ytterkantane av bustaden. Mesh brukar fleire einingar som saman utgjer eitt og same nettverk, slik at du har full dekning uansett kvar du er.
Wi-Fi 6
Eero støttar Wi-Fi 6, som gir høgare kapasitet og betre yting når mange einingar er tilkopla samtidig — strøyming, gaming, heimekontor og smarte einingar på same tid.
TrueMesh
TrueMesh-teknologien flyttar deg automatisk til den eininga som gir best signal, slik at du slepp fråkoplingar når du beveger deg rundt i huset.
Enkelt å utvida
Treng du betre dekning i kjellaren, på loftet eller i garasjen, legg du berre til ei eining til. Me leverer og monterer ferdig klart til bruk.
Pris
| Tal einingar | Etablering | Leige per månad |
|---|---|---|
| 1 eero | Gratis | 49 kr |
| 2 eero | 449 kr | 98 kr |
| 3 eero | 449 kr | 147 kr |
| 4 eero | 449 kr | 196 kr |
Etableringa er gratis på den første eininga. Bestiller du to eller fleire, kjem 449 kr i etablering i tillegg.