1. KONTAKTOPPLYSNINGAR TIL HARDANGER ENERGI BREIBAND AS
Hardanger Energi Breiband AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine på denne nettstaden. Har du spørsmål om dette eller om dei rettane du har, finn du kontaktinformasjonen vår her:
Hardanger Energi Breiband AS
Postboks 33, 5782 Kinsarvik
Organisasjonsnummer: 982894816
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
2. SENTRALE OMGREP
Personopplysningar er informasjon som åleine eller saman med andre opplysningar kan nyttast til å identifisera, lokalisera eller kontakta ein person. Døme på personopplysningar er namn, telefonnummer og IP-adresse. Handsaming av personopplysningar omfattar alle former for handsaming av personopplysningar, som innsamling, analyse, registrering og lagring. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med handsaminga av personopplysningar og kva opplysningar det vert bede om. Det er behandlingsansvarleg si oppgåve å sikra at handsaminga av personopplysningar skjer i tråd med gjeldande personopplysningslov.
3. HARDANGER ENERGI AS ER BEHANDLINGSANSVARLEG
Hardanger Energi Breiband AS er behandlingsansvarleg for handsaminga av personopplysningane dine.
4. KVA SLAGS INFORMASJON SAMLAR ME INN?
Når du registrerer deg via eit skjema eller bestiller eit varer, kan du bli beden om å gje frå deg informasjon. Avhengig av situasjonen kan me eventuelt be om følgjande personopplysningar:
- Namn
- Adresse
- E-postadresse
- Mobilnummer
- Kva verksemd du jobbar for
5. PARAGRAF 6F SOM ALTERNATIV TIL VALT SAMTYKKE VIA NETTSIDA. SAMTYKKE KAN TREKKJAST.
Me legg til grunn legitimt samtykke i tråd med Paragraf 6f i personvernlova. Har du inngått eit kundeforhold med oss tidlegare, eller du er ein ny kunde, vil dette vera ein legitim grunn til å senda deg informasjon. Dette vert sidestilt med eit samtykke i samsvar med marknadsføringslova slik lova har vore i Noreg i mange år. Du kan når som helst trekkja samtykket til at me skal handsama dine personopplysningar. Trekkjer du tilbake samtykket, vil me sletta opplysningane me har om deg. Merk at dette kan endra evna vår til å kontakta deg med relevant informasjon, levera tenester, og det kan påverka pågåande dialog.
6. INFORMASJON FRÅ ANDRE KJELDER
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine, godtek du òg at me kan registrera andre opplysningar om deg som du har gjeve oss tidlegare. Basert på offentleg tilgjengeleg informasjon kan me òg supplera dei registrerte opplysningane med bransje og ytterlegare kontaktinformasjon. Er du kunde hjå oss, kan me i tillegg leggja til ytterlegare kontaktinformasjon til opplysningane du har registrert hjå oss, via til dømes telefon. Opplysningar som er nødvendige for dei tenestene du skal bruka, vil også bli lagra.
7. FØREMÅLET MED HANDSAMINGA AV PERSONOPPLYSNINGANE
Me kan be om personopplysningar for å:
- Svara på førespurnader
- Utføra kundebehandling og gje informasjon om produkta våre
- Senda ønskte produkt eller varer, eller på andre måtar kunna oppfylla forpliktingane våre, mot at du gjev oss opplysningar
- Oppretta og oppretthalda ein salsdialog
- Senda informasjon som kan vera av interesse for deg
- For å få statistikk og opplysningar om brukaråtferd for å forbetra heimesida og brukaropplevinga
- Leggja deg til i e-postliste for nyheiter og anna innhald som du sjølv har valt å motta
8. SAMTYKKE TIL E-POSTKORRESPONDANSE
Når du samtykkjer til at me handsamar personopplysningane dine i samsvar med føremåla nemnde ovanfor, samtykkjer du til følgjande:
- Me handsamar dine personopplysningar i tråd med denne personvernfråsegna
- Me kan senda deg direkte marknadsføring via e-post om våre produkt
- Me kan kontakte deg via e-post eller telefon
- Abonnering på nyheitsbrev via e-post du sjølv har valt å motta. Du kan takke nei til ytterlegare e-postar ved å følgje lenka som er nederst i våre e-postar, eller ved å kontakte oss direkte.
9. KOR LENGE VERT OPPLYSNINGANE LAGRA?
Me handsamar personopplysningane berre så lenge det tek å oppfylla grunnen til innsamlinga, deretter slettar me informasjonen.
Har du ein aktiv dialog med oss, tek me vare på opplysningane dine i 2 år frå den siste kontakten; deretter fjernar me opplysningane me har om deg. Ein aktiv dialog blir definert som at du har registrert ein brukarprofil, interaksjon via telefon eller e-post eller har kjøpt eit produkt av oss dei siste 2 åra.
Har du samtykka til handsaming av personopplysningane når du takka ja til regelmessige e-postar, handsamar me personopplysningane til du avsluttar abonnementet ditt. Deretter lagrar me personopplysningane dine i inntil 2 år før me slettar informasjonen.
10. KVEN KAN INFORMASJONEN DELAST MED?
Oppgjevne opplysningar vil vera tilgjengelege berre for personar som nyttar opplysningane i tråd med personvernfråsegna i verksemda .
11. INFORMASJONSDERING MED TREDJEPART
Me sel ikkje personopplysningane dine til tredjepart. Dersom det pågår ein sals- eller kundedialog mellom deg, oss og nokon av våre samarbeidspartnarar, deler me informasjon som:
- Namn
- E-postadresse
- Telefonnummer
- Kva verksemd du jobbar for
Dersom me har registrert opplysningane dine i samband med ei hending som vert utført saman med ein ekstern part, kan me overføra personopplysningar i kategoriane nemnt over, i tillegg til eventuelle svar på ytterlegare skjema- eller utfyllande spørsmål.
12. KVAR VERT OPPLYSNINGANE LAGRA?
Opplysningane blir oppbevarte av Hardanger Energi AS i kundesystemet vårt.
13. DINE RETTAR I SAMBAND MED INNSYN OG SLETTING
Du har rett til å få informasjon om kva opplysningar me har om deg. Du kan også krevja at me rettar opp i feilaktige opplysningar eller slettar informasjonen din. Ynskjer du å trekkja tilbake samtykket ditt eller krevja å få oversikt over opplysningar, retting eller sletting, kontaktar du oss på e-postadressa nemnt under avsnittet for kontaktinformasjon. For å motta slik info må du signera tilsendt skjema frå oss.
14. ANDRE FØREMÅL
Dersom me skal bruka personopplysningane til eit anna føremål enn det dei vart samla inn for, inntrer informasjonsplikta på nytt, og me må då opplysa kva det nye føremålet er og gje delar av informasjonen ovenfor på nytt.
15. INFORMASJONSKAPSLAR
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på din datamaskin når du lastar ned ei nettside. Lagring av opplysningar og handsaming av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til handsaminga. Brukaren skal få vita om og godkjenna kva opplysningar som blir handsama, kva føremålet med handsaminga er, og kven som handsamar opplysningane. Me brukar berre informasjonskapslar for å gje deg ei betre brukaroppleving nettsidene våre, bl. a. ved at du slepp å fylla inn felt på nytt.
16. E-POST OG TELEFON
Relevante opplysningar som kjem fram i telefonsamtalar og e-postutveksling i kundebehandling og dagleg arbeid, kan bli registrert i kundesystemet. Me brukar i tillegg e-post i vanleg dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte medarbeidar er ansvarleg for å sletta meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Ved avslutta arbeidsforhold vert e-postkontoane sletta, men enkelte relevante e-postar kan bli overførte til kollegaer. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med e-post. Vanleg e-post er ukryptert og skal ikkje brukast til å senda opplysningar med teieplikt, sensitive eller andre fortrulege opplysningar.